Hyllest

Lokale gåver frå Telemark 2

Buy this
  • kr 655,00
100% SSL Secure

Denne gåva er eit samarbeid mellom Hyllest, Krokvokst, Firingan Kalligrafi, Fruktkonfekt og Kristine Søgnen.

Innhald:
1. Hylleblomst- og rabarbrasaft 0.375 l
2. Treskei i selje frå Langkåshaugen i Bø.
3. Gåvekort med diktstrofe.
4. Fruktkonfekt med lokale smakar (6 bitar).


SENDES I POSTEN 13.DESEMBER eller til AVHENTNING i BØ 18. DESEMBER

Vi er eit knippe kunst-, mat- og handverksprodusentar som har etablert eit fellesskap der vi samarbeider, inspirerer og støttar opp om kvarandre. Samla utgjer vi ein liten smakebit av alt det mangfaldige Telemark har å by på, som vi ønsker skal bli meir synleg og tilgjengeleg for lokale forbrukarar.

Vi har difor teke skeia i eiga hand og tilbyr denne julesesongen lokale gåvepakkar, med eit utval handlaga og kortreiste produkt. Frå salet gir vi 8 % til Framtiden i våre hender.


FRUKTKONFEKT

Merete Olafsdatter Nordbø ønsker med konfekten sin å skape noko vakkert og smakfullt av alt det fantastiske naturen og landbruket i Telemark har å by på. Konfekten er fylt og dekt for hand. Gjennom eit MTNU-initiert prosjekt har ho etablert eit emballasjesamarbeid med Kristine, Mari og Borghild.


FIRINGAN KALLIGRAFI

Borghild Telnes er ein allsidig kunstnar med grafikk og kalligrafi som hovudfelt. På verkstaden sin ved Seljordsvatnet skaper ho kunstuttrykk som ofte tek utgangspunkt i natur og poesi. Borghild kombinerer gjerne kalligrafi med illustrasjon, ornamentikk, origami og ulike trykk- og tekstilteknikkar.


KRISTINE SØGNEN

Kristine Søgnen er diktar med bakgrunn frå Forfattarlinja ved USN og Skrivekunstakademiet i Bergen. Kristine utforskar ofte dynamikken mellom menneske og natur. Opent og nysgjerrig skildrar Kristine desse møta, og tilbyr med det eit fornya blikk til oss som les.


HYLLEST

Danske Mie Dahlmann Jensen tok med sin kjærleik for hylleblomst då ho flytte til Bø. Her har ho etablert sin eigen saftproduksjon, basert på lokal og økologisk hylleblomst frå Rinde Gård i Sauherad. I tillegg til reine hylleblomst-produkt eksperimenterer ho med smakstilsettingar som t.d. rabarbra og ingefær.


KROKVOKST
Mari Fallet Mosand er husflidshandverkar med trearbeid og pileflett som fagområde. Ho baserer seg på tradisjonelle teknikkar og økologisk materialbruk, med utgangspunkt i sjølvdyrka og/eller eigenplukka verke. Eit viktig prinsipp for Mari er å la emnet sitt naturlege uttrykk vere førande – og skine gjennom i det endelege produktet. www.krokvokst.com